12 nye smittetilfelle i Østfold

Det er registrert 12 nye smittetilfelle i Østfold torsdag. Igjen har Halden dei høgaste smittetala i området.
innenriks

Det er påvist sju nye smittetilfelle i Halden siste døgn, skriv NRK. Fem er smitta i ein privat samankomst, éin er smitta i utlandet og éin er smitta i eigen heim.

– Av dei tolv smittetilfella vi har hatt dei siste to dagane, tilhøyrer elleve same klyngje, så det er eitt utbrot, opplyser kommuneoverlege i Halden, Kjersti Gjøsund.

I Moss er det påvist tre smittetilfelle, og det er påvist eitt smittetilfelle både i Sarpsborg og Fredrikstad.

Det er andre dag på rad at Halden har det høgaste smittetalet i Østfold.

Onsdag vart det totalt meldt om 14 nye smittetilfelle i Østfold, og fem var frå Halden.

(©NPK)