Feilparkering uløyste politialarm i Oslo

Eit område utanfor politihuset på Grønland i Oslo vart i ettermiddag sperra av ei kort tid. Årsaka var ein feilparkert bil.
innenriks

Den feilparkerte bilen var forlaten ved personalinngangen til politihuset, skriv NRK.

Det viste seg at bilen hadde vorte forlate fordi to personar var stressa og skulle rekke ein passtime.

– Vi har alltid auge opne for bilar som blir parkerte mistenkjeleg, men kanskje litt ekstra fokus i dag i og med at det er den dagen det er, seier operasjonsleiar Gjermund Stokkeli i Oslo-politiet til statskanalen.

Til slutt viste det seg at bilen hadde vorte forlaten fordi to personar var stressa og skulle rekke ein passtime. Bilen fekk parkeringsgebyr, og vart avskilta fordi han ikkje hadde lov til å køyre på vegen.

(©NPK)