Froneri trekkjer tilbake Smarties Pop-Up iskrem

Iskrem-selskapet Froneri trekkjer tilbake iskremen Smarties Pop-Up. Årsaka er at det er funne etylenoksid over grenseverdi i eit tilsetningsstoff i produktet.
innenriks

Produktet er selt via Diplom-Is' isbil i juli 2020, skriv Matportalen.

Produkta som er omfatta av tilbaketrekkinga er Smarties Pop-Up, 4 x 85 ml multipack, med best før dato 28.02.2022.

Etylenoksid, som det vart funne for mykje av i produktet, er eit plantevernmiddel som er forbode å bruke i mat i EU og EØS. Etylenoksid representerer ikkje ein akutt helsefare, men kan vere skadeleg dersom det blir innteke i store mengder over tid, skriv portalen.

(©NPK)