Kan bli karantenehotellkrav for Spania og Kreta frå måndag

Det europeiske smittevernbyrået legg Spania og Kreta på mørkeraudt smittenivå. Det kan bety at reisande derfrå til Noreg må på karantenehotell frå måndag.
innenriks

Regjeringa kunngjer endringane sine i reisekartet og oppdaterer kva land som skiftar farge på smittekartet, fredag, og eventuelle endringar vil tre i kraft frå måndag.

Talgrunnlaget frå Det europeiske smittevernbyrået (ECDC) gjer dei populære feriestadene Spania og Kreta mørkeraudt, noko som betyr karantenehotell ved innreise til Noreg. Også Nederland har vorte mørkeraudt på smittekartet.

Fleire populære ferieøyar går over til oransje og raudt smittenivå. Det betyr at reisande frå desse må i karantene heime. Det gjeld mellom anna Sardinia, Korsika, Sicilia og nordlege egeiske øyar i Hellas.

Landa Sveits og Estland er òg over på oransje.

Karantenekrava gjeld ikkje for dei som er verna mot koronaviruset anten som fullvaksinert eller som registrert koronasmitta dei siste seks månadene.


(©NPK)