Kronprins Haakon: Det er vårt kollektive ansvar å jobbe mot høgreekstreme krefter

Kronprins Haakon seier i ein tale at ingen skal måtte stå imot høgreekstreme krefter åleine. Han håpar det kan skapast større ytringsrom for overlevande.
innenriks

– Dei siste ti åra har vore vanskelege så vel som fylte med håp og engasjement, sa kronprinsen under talen sin på minnemarkeringa på Utøya torsdag ettermiddag. Etter at rosetoga og rettssaka var over, kom stilla.

Kronprinsen sa at ingen skal kjenne seg åleine og motlause i kampen mot dei høgreekstreme kreftene.

– Det er vårt personlege og kollektive ansvar å arbeide mot desse kreftene, kvar dag. Landet vårt har smerteleg erfart at det er nødvendig, sa kronprinsen.

Kongeparet og kronprinsparet har i løpet av året møtt pårørande, overlevande, nødetatane og dei som hjelpte til under angrepet for ti år sidan.

– Det har vore fint og lærerikt. Vi må tore å snakke om det som skjedde, sjølv om det er ubehageleg, sa kronprinsen.

Kronprins Haakon sa at han er redd for at det norske samfunnet ikkje har vore flinke nok til å lytte og gi plass til alle kjenslene og trauma etter 22. juli. Han håpar at tiårsmarkeringa kan bidra til å skape eit språk som gjer at Noreg kan komme vidare.

– Og eg håpar at markeringa bidreg til å skape rom. Rom for historiene sjølv om dei er vonde. Rom for alle dei som lever med sår og arr.

(©NPK)