Mattilsynet trekkjer tilbake produkt som inneheld johannesbrødkjernemjøl

Årsaka til tilbaketrekkinga er at mjølet inneheld ulovleg plantevernmiddelet etylenoksid.
innenriks

Mattilsynet vart i sommar varsla om at fleire matvarer omsett i Noreg inneheldt tilsetningsstoffet johannesbrødkjernemjøl med etylenoksid, skriv Matportalen.

Det er eit plantevernmiddel som er forbode å bruke i mat i EU og EØS. Etylenoksid representerer ikkje ein akutt helsefare, men kan vere skadeleg ved inntak over tid.

– Tilbaketrekkingane kjem som følgje av at fleire land i Europa den siste tida har avdekt funn av etylenoksid i johannesbrødkjernemjøl (E 410). Liknande tilbaketrekkingar går føre seg i fleire europeiske land, seier direktør for avdeling regelverk og kontroll Ole-Herman Tronerud i Mattilsynet til NTB.

Johannesbrødkjernemjøl er eit smaklaust bindemiddel og blir brukt mykje i glutenfri og vegansk matlaging. Tilsetningsstoffet blir nytta som stabilisator og fortjukkingsmiddel i ei rekkje matvarer.

På lista med produkt som er trekt frå marknaden, står mellom anna parti med Stabburets posteivariantar, rømmedressing selt i små posar som tilbehøyr til nokre variantar av BigOne pizza, Froneri Smarties Pop-Up iskrem, Eldorado Fløtegratinerte potet, REMA 1000 Fløtegratinerte poteter, Béarnaise J & M 220g og Béarnaise Coop Smak 220 g.

Produkta som er omfatta, blir trekt tilbake frå marknaden. Forbrukarar som har kjøpt eitt eller fleire produkt, blir bedne kaste det eller levere det tilbake i butikken der det er kjøpt.


(©NPK)