Støre: – Vi er meir utsette for trusselen frå høgreekstreme i dag enn i 2011

Trusselen frå høgreekstreme er større no enn han var for ti år sidan, sa Arbeiderparti-leiar Jonas Gahr Støre på Utøya.
innenriks

– Vi må stå opp mot tankesettet som førte til terroren. Mot heile tankesett som gir menneske ulik verdi. Vi må ikkje snu oss bort og sjå den andre vegen når hat og konspirasjonsteoriar blir gjentekne, sa Støre i talen sin under tiårsmarkeringa på Utøya torsdag.

Støre sa som AUF-leiar Astrid Hoem gjorde i talen sin, at det no er viktig å snakke sant om 22. juli. Og sanninga at høgreekstreme krefter har styrkt seg i Noreg og ute i verda, sa han.

– Som samfunn er vi meir utsett for denne trusselen no enn i 2011. Det er eit nederlag for oss som samfunn, og eit nederlag for demokratiet. Men no står vi her, og då kan vi seie: Samfunnsberedskap no og framover krev meir av oss.

Han understreka òg at han meiner at politikarar må ta ansvar for at hatet ikkje spreier seg.

– Politikarar på venstresida må nå ut til dei som følgjer oss, slik vi gjorde då radikale ekstremistar brukte politisk motivert vald for nokre tiår sidan. Politikarar på høgresida må no heve stemma og trekkje klare grenser opp mot det høgreekstreme, og ikkje lukke auga, sa Støre.

(©NPK)