Bøhler-slektning gir pengegåve til Jan Bøhler og Oslo Sp

Ein av dei rikaste i Noreg, Jan Bøhlers fetter Erik Bøhler, gir Oslo Senterparti 200.000 kroner i bidrag for å gjere Oslo til ein tryggare by.
innenriks

– Dette er ei gåve frå Bøhler-familien. Det gjeld konkret støtte til det arbeidet som Jan legg ned i dette med å skape ein trygg by i Oslo. Det ligg bak pengestøtta at eg vil støtte det initiativet, pluss at Jan er fetteren min, seier Erik Bøhler til Nationen.

Erik Bøhler bygde seg opp som investor i eigedomsmarknaden på 1980- og 1990-talet og figurerer på 92.-plass på Kapitals liste over Noregs rikaste.

Han er ikkje den første som gir pengestøtte til Oslo Sp i årets valkamp. Tidlegare i juli skreiv Aftenposten at milliardær og investor Christian Ringnes støttar Oslo Sp med 200.000. Tysdag skreiv Nationen at mangeårig Høgre-veljar Jan Petter Sissener gir 100.000 kroner til Oslo Sp.

(©NPK)