Bergen får 12.000 ekstra vaksinedosar til studentane

Bergen kommune får 12.000 ekstra vaksinedosar som skal brukast på studentar i samband med studiestart.
innenriks

Dei 12.000 ekstra dosane er venta å komme til studiestart, og ein må vise fram studentbevis for å få dosane, skriv Bergens Tidende.

– Korleis desse dosane skal setjast, om vi har eigne vaksinasjonsdagar for studentane eller om vi gjer det på utdanningsinstitusjonane, veit vi ikkje endå. Det er noko vi no skal diskutere med institusjonane, seier fungerande smittevernoverlege Kjell Haug til avisa.

Ansvarlege for planlegging av fadderveka på NHH er fornøgd med nyheita frå kommunen:

– Wow, for eit utruleg fornuftig tiltak, det er ei gledeleg nyheit – eg er litt overraska, seier prosjektleiar i NHHs Christian Arstein.

(©NPK)