LOs sommarpatrulje avdekte auke i talet på lovbrot mot unge tilsette

På 58 prosent av dei 5.000 arbeidsplassane LOs sommarpatrulje sjekka i år, vart det funne brot på arbeidsmiljølova.
innenriks

– Det er ein auke frå i fjor, seier ungdomsrådsgivar Bjarne Lagesen i LO, som viser til at tilsvarande tal i fjor var 45 prosent lovbrot.

LOs sommarpatrulje kan vise til ein stor auke dei to siste åra under koronapandemien.

– Eitt år med mange arbeidsledige og permitterte kan nok føre til at mange godtek dårlegare arbeidsforhold enn dei har krav på, meiner Lagesen.

Lovbrot som går igjen, er mellom anna manglande arbeidskontraktar og ulovleg kameraovervaking.

– Kvar 6. sommarvikar under 18 år har ikkje skriftleg arbeidskontrakt. Og ein av ti har opplevd ulovleg overvaking på jobben, opplyser ungdomsrådsgivaren.

Når det gjeld personvern, har det vorte fleire brot dei siste åra. Årets funn avdekkjer at stadig fleire blir kameraovervaka på arbeidsplassen utan at dei veit om det.

(©NPK)