Opposisjonen etterlyser tiltak mot straffedømde som unndreg seg soning

I 2018 foreslo ei arbeidsgruppe fleire tiltak for å få bukt med at folk unndreg seg soning. Justisdepartementet behandlar framleis rapporten.
innenriks

– Regjeringa har hatt tre år på seg utan å gjere noko. Eg kjem til å stille justisminister Monica Mæland skriftleg spørsmål om dette og forventar at ho ryddar opp, seier leiaren av justiskomiteen, Lene Vågslid (Ap), til Aftenposten.

Arbeidsgruppa foreslo mellom anna å endre reglane rundt korleis styresmaktene gir viktige beskjedar. Gruppa såg at det var mange ein ikkje fekk tak i når ein skulle innkalle dei til soning. Dei meinte det burde halde at innkallinga var levert.

Stortinget vedtok også i 2018 ei lovendring som skulle hindre at rømlingar får pengar frå Nav. Domstolane har berre kutta utbetalingane til to personar sidan då, opplyser Nav.

Rapporten frå arbeidsgruppa er framleis til behandling i Justisdepartementet.

– Det er per i dag ikkje gjennomført lov- eller forskriftsendringar, skriv kommunikasjonsrådgivar Raheela Chaudhry i ein e-post.

I 2018 vart det laga ei oversikt over straffedømde som unndreg seg soning. Blant dommane var det eitt drap, tre aktlause drap, åtte tilfelle av seksuell omgang med barn/valdtekt av barn, tolv grove ran og 28 valdtekter og 51 tilfelle av grov vald eller fridomskrenking.

(©NPK)