Politiaksjon mot våpenforhandlar i Agder

Politiet i Agder har arrestert, avhøyrt og lauslate ein person etter ein politiaksjon mot ein våpenforhandlar.
innenriks

– Agder politidistrikt har arrestert, avhøyrt og sett fri ein person i Midtre-regionen i Agder politidistrikt. Det er teke beslag i eit våpen som no vil bli undersøkt av politiet. Saka vil bli etterforska. Det er endå tidleg i etterforskinga, og vi kan derfor ikkje gi fleire detaljar, seier politiinspektør Jan Terje Aas i Agder politidistrikt til NRK.

Ifølgje opplysningar NRK har fått, er personen tilsett hos ein våpenforhandlar, men Aas ville ikkje kommentere dette. Den arresterte skal ha sett fri torsdag kveld etter avhøyr.

Ifølgje NRK skal politiet ha funne eit samband til sakene der til saman fem personar er arresterte og tre personar er varetektsfengsla for innehaving av ulovlege våpen ulike stader i Noreg. Fleire av desse personane har gitt uttrykk for høgreradikale meiningar i sosiale medium.

(©NPK)