Politiet set i verk leiteaksjon etter å ha funne bilen til sakna mann i Finnmark

Etter tips frå publikum har politiet i Finnmark funne bilen til ein sakna mann og sett i gang leiteaksjon etter mannen.
innenriks

Mannen, som er tysk statsborgar og busett i Alta, er sakna etter at han la ut på tur sannsynlegvis den 8. juli, skriv politiet i ei pressemelding. Det er ikkje kjent kva område han drog ut i.

Familie og omgangskrins til mannen melde han sakna då han ikkje kom tilbake frå turen, og han opplyste før han drog at han skulle vere på tur i omtrent fjorten dagar.

Politiet ønskte tidlegare fredag å komme i kontakt med personar som hadde sett bilen hans eller møtt han ute i naturen. I 19.30-tida opplyser politiet at dei har funne bilen, og at dei takkar media og publikum for rask og god hjelp i samband med funnet.

– Vi har sett i gang ein leiteaksjon, heiter det i ei melding på Twitter.

(©NPK)