Trykket på grensa gjer at Utlendingseininga og Utrykkingspolitiet blir nedprioritert

Det aukande trykket på grenseovergangane gjer at Politidirektoratet omdisponerer mannskap. Det betyr nedprioritering av både UP og PU.
innenriks

Den mellombelse omdisponeringa gjeld til saman 80 stillingar i Politiets utlendingseining (PU) og Utrykkingspolitiet (UP) og skal svare på det stadig aukande behovet innan grenseoppdraget i Aust og Søraust politidistrikt. I alt blir omdisponert 80 stillingar som skal hjelpe til på ulike grenseovergangsstader, inkludert Gardermoen, skriv Politidirektoratet i ei pressemelding.

– Auken i talet på reisande og eit framleis utfordrande smittebilete utanfor Noregs grenser, gjer at vi no er nøydde til å omprioritere nokre av ressursane våre for å kunne halde oppe god kvalitet på grensekontrollen, seier beredskapsdirektør Tone Vangen.

I dag utfører politiet den ekstraordinære grensekontrollen med nyoppretta politistillingar, andre politiressursar og viktig bistand frå Forsvaret og Tollvesenet.

Ifølgje direktoratet er det ein kombinasjon av politistillingar og sivile stillingar som no blir omdisponerte. PU gir frå seg mellombels 45 politistillingar og 5 sivile stillingar, medan UP gir frå seg 30 politistillingar. Av desse blir tilførte Søraust politidistrikt 55 stillingar, resten av dei skal til Aust politidistrikt.

Dette betyr at primæroppgåvene til PU og UP mellombels blir nedprioritert, blir det fastslått. For PU betyr det at til dømes uttransporteringar vil setjast på vent. Politidirektoratet understrekar at dei saman med einingane har gjort nødvendige konsekvensvurderingar.

– Sjølv om det er uheldig at vi må nedprioritere viktige oppgåver som blir utførte av desse einingane, vurderer vi at det vil vere meir uheldig for oppgåveløysinga til politiet i stort å omdisponere stillingar internt i dei ramma distrikta, kommenterer Vangen.

(©NPK)