Vestland-politikarar peikar ut statsråds-ønska sine

Audun Lysbakken, Marte Mjøs Persen og Kjersti Toppe er blant politikarane partia i Vestland meiner bør bli statsrådar i Støre-regjeringa.
innenriks

Sps fylkesordførar i Vestland Jon Askeland seier til Bergensavisen at førstekandidaten til partiet i Hordaland Kjersti Toppe bør bli helseminister, medan han peikar på Erling Sande som olje- og energiminister.

Leiar i Ap i Bergen, Geir Dale, meiner at Bergens-ordførar Marte Mjøs Persen (Ap) er blant dei som er opplagt som statsråd i den nye regjeringa.

– Utan å nemne namn no, har vi ein del folk vi meiner høyrer heime i regjeringsapparatet, seier han.

Også Vestland AUF vil ha Mjøs Persen inn i regjeringa, seier leiar Endre Toft. Han trur dessutan at Kjersti Toppe kan vere ein aktuell kandidat.

Jan Erik Larsen har i to omgangar vore statssekretær for Jens Stoltenberg og har vore med på prosessen med å peike ut ei regjering like mange gonger.

– Hordaland har fleire aktuelle kandidatar. Audun Lysbakken er ein soleklar statsrådskandidat, og Harald Schjelderup kan få eit comeback, denne gongen på nasjonalt nivå, seier han.

Elles peikar Larsen på Eigil Knutsen og Lubna Jaffery, begge frå Ap, medan han trur Marte Mjøs Persen kan vere ein outsider.

(©NPK)