FHI: 16 prosent færre smittetilfelle førre veke

I førre veke vart det registrert 16 prosent færre smittetilfelle enn i veka før, viser FHIs nyaste vekerapport.
innenriks

Talet på dødsfall aukar, og det er førebels meldt om 13 dødsfall i veke 36 etter ein periode på fire månader med sju eller færre dødsfall per veke. Det er framleis lågt samanlikna med tidlegare periodar med høg smittespreiing. Gjennomsnittsalderen på dei døde i veke 36 var 87 år, melder Folkehelseinstituttet.

Talet på nye sjukehusinnleggingar auka i veke 36, men det er framleis ikkje mange samanlikna med tidlegare periodar med mykje smittespreiing. Dette kjem sannsynlegvis av at vaksinasjon vernar veldig godt mot alvorleg sjukdom, men ikkje fullt så godt mot smitte.

Onsdag var 106 koronasmitta pasientar innlagde på sjukehus i Noreg. Ifølgje FHI kan vi vente nedgang i talet på sjukehusinnleggingar om éi til to veker.

– Har sett utflating

Det er førebels meldt 8.518 smittetilfelle i veke 36, ned frå 10.081 veka før. Dette utgjer 345 tilfelle per 100.000 innbyggjarar for veke 35 og 36 samla. R-talet er berekna til 0,9. Dei fleste tilfella blir melde blant unge mellom 6 og 19 år.

– Vi har sett ei utflating og ein forsiktig nedgang av smitten dei siste éi til to vekene. Det er veldig gledeleg, og sannsynlegvis ein effekt av auka vaksinasjon. Innleggingstala har likevel auka, og heng vanlegvis éin til to veker etter. Forhåpentleg vil dei òg falle viss den minkande smittetrenden held seg, seier assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad til NTB.

Nakstad peikar på fleire fullvaksinerte i yngre aldersgrupper som den viktigaste årsaka til utflatinga.

Fleirtalet av innlagde er uvaksinerte

– Vi ser at meir enn 80 prosent av dei over 18 år no er fullvaksinerte. I tillegg har kommunane gjort ein god jobb med å teste skuleelevar, og det bidreg til at smitten blir halden betre under kontroll mange stader inntil òg dei over 12 år er tilbodne ein dose vaksine, seier Nakstad.

Onsdag var 106 koronasmitta pasientar innlagde på sjukehus i Noreg.

– Det har vore mange innleggingar dei siste vekene, men pasientane ligg inne færre dagar enn før. Det gjer at sjukehusa så langt har klart å halde tritt med utviklinga utan at det har gått ut over veldig mykje anna behandling. Vi ser at fleirtalet av dei innlagde framleis er uvaksinerte, og at gjennomsnittsalderen er lågare enn før, seier Nakstad.

(©NPK)