Kommuneoverlegen i Lillestrøm vil utsetje større arrangement for barn

Kommuneoverlegen i Lillestrøm vil utsetje større arrangement for barn på grunn av auka risiko for smitteutbrot. Måndag vart det sett smitterekord i kommunen.
innenriks

Det skriv Mitt Lillestrøm.

– Eg gir no råd om at det ikkje blir gjennomført større arrangement for barn og unge under 18 år som samlar barn frå fleire ulike skular og aldersgrupper, til dømes gjennom cupar, store framsyningar eller liknande, dei næraste to vekene, skriv kommuneoverlege Bettina Fossberg i si smittevurdering for veke 36.

Årsaka er at det er stor risiko for at nokre av barna som deltek, er smitta, og at det derfor er auka risiko for smittespreiing og utbrot.

Vanlege kampar, treningar eller øvingar kan gjennomførast som før.

Måndag vart det sett smitterekord med 76 nye smitta. Barn og unge står no for 65 prosent av smitten i kommunen.

(©NPK)