Mattilsynet avviklar dyrehaldet hjå bonde for andre gong

Ein bonde på Nord-Jæren braut eit forbod mot å eige og stelle dyr. Dermed må Mattilsynet avvikle dyrehaldet for andre gong.
innenriks

– Bonden har aktivitetsforbod fordi han fleire gonger, over mange år, har stelt dårleg med dyr, skriv Hege Robberstad, senior kommunikasjonsrådgivar i Mattilsynet, region Sør og Vest i ei pressemelding til Stavanger Aftenblad.

Dyrehaldet vart avvikla òg i 2018. Då hadde bonden eit fleire år gammalt forbod mot å drive med produksjonsdyr.

I dag består dyrehaldet av om lag 125 storfe.

Det var i fjor sommar at Mattilsynet melde bonden for brot på aktivitetsforbodet. Bonden har prøvd saka i to rettsinstansar, men har ikkje fått medhald. Han hevdar overfor Aftenbladet at det ikkje er dyra hans, og at han ikkje har eigd dyr sidan 2013.

Ifølgje Aftenbladet sende bonden tysdag eit krav om mellombels åtgjerd til Sør-Rogaland tingrett, der han ber om at tvangsavviklinga blir forboden fram til det finst eit skriftleg vedtak. Dette var ikkje Mattilsynet kjent med då Aftenbladet snakka med tilsynet.

(©NPK)