Partia gjer det framleis best i tradisjonelle høgborger

Ap fekk heile 58,1 prosent i Årdal. Heile borgarleg side fekk under 10 prosent i Høylandet. I nokre kommunar er tendensane av valet spesielt tydelege.
innenriks

Industrikommunen inst i Sognefjorden har ein lang tradisjon som Aps absolutte høgborg. Så seint som i 2009 fekk partiet over 70 prosent av stemmene i Årdal. Nest best klarte Arbeidarpartiet seg i Hammerfest, der dei fekk 49,6 prosent av stemmene.

I motsett ende finn vi Hægebostad i Vest-Agder, der Ap fekk berre 7,7 prosent av stemmene. SV gjorde òg sitt svakaste val her, med berre 1,2 prosent.

Dette var òg Kristeleg Folkepartis beste kommune, med 27,2 prosent av stemmene. Likevel var det to kommunar der KrF ikkje fekk ei einaste stemme: Engerdal og Tydal.

Bæringane liker framleis Høgre

Ei anna tradisjonell høgborg leverte Høgres beste valresultat. 40,3 prosent av veljarane i Bærum valde seg Høgre. Til samanlikning var det berre 2,6 prosent i Gamvik som gjorde det same.

Også Venstre gjorde det best i Bærum, med 11,8 prosent av stemmene. Det var derimot ingen som stemde på Venstre i Leka på Trøndelagskysten.

Det einaste andre partiet som fekk over halvparten av stemmene i ein kommune var Senterpartiet, som klarte denne bragda i heile ti kommunar. Aller best gjekk det i Lesja i Gudbrandsdalen, der 55,9 prosent av veljarane stemde på Sp.

Kontrastfylt for Pasientfokus

I Høylandet i Nord-Trøndelag gav 55,8 prosent av veljarane si stemme til Sp, medan dei fire borgarlege partia til saman berre fekk 7,1 prosent av stemmene. Raudt fekk likevel berre støtte frå 0,5 prosent av veljarane i kommunen.

For SV er det mest å rope hurra for i Tromsø. Partiet fekk 15,1 prosent oppslutning i ishavsbyen. I den tradisjonelle SV-bastionen Nesodden har både MDG og Raudt oppnådd sine beste resultat, med høvesvis 11,3 og 9,8 prosent. Ingen veljarar stemde MDG i Utsira kommune.

Pasientfokus, som har som hovudsaka si å få sjukehus til Alta, får kanskje det mest kontrastfylte valresultatet. Partiet fekk eit direktemandat frå Finnmark, men får nesten all si oppslutning i kommunane Alta og Kautokeino. I Alta noterer lista ei oppslutning på 40,5 prosent, medan ingen veljarar stemde på Pasientfokus i Nesseby i motsett ende av valdistriktet.


(©NPK)