Politiet om DNA-spor frå Tengs-sikta: – Det er ein sterk indikasjon

Gulating lagmannsrett forkasta fengslingsanken til mannen som er sikta for Birgitte Tengs-drapet. Politiet seier at DNA-undersøkinga viser sterk indikasjon.
innenriks

I rettsavgjerda frå Gulating lagmannsrett har påtalemakta gjort greie for kvifor dei meiner at bevisa mot mannen i 50-åra som er sikta for drapet på Birgitte Tengs står sterkt.

«I DNA-undersøkelsen harmonerer resultatet med flere av den siktede sine Y-markører enn det UiO vanligvis tester for. Det er en sterk indikasjon på farslinjen og er større enn det som i dag kan uttrykkes ved biostatisk tolkning.»

Påtalemakta viser vidare til at den mannlege slektslinja til den sikta på Karmøy på drapstidspunktet var svært avgrensa.

Politiadvokat Fredrik Martin Soma i Sørvest politidistrikt vil ikkje utdjupe kommentarane dei har gitt til anken for sikta.

– Vi ønskjer ikkje å gå nærare inn på DNA-beviset i saka. Dette er merknadene våre til anken, og det er velvalde ord som vi ikkje vil utdjupe ytterlegare, seier Soma til NTB.

Fengsla i fire veker

Mannen vart 3. september varetektsfengsla i fire veker – dei to første vekene med full isolasjon. Sør-Rogaland tingrett var samde i fare for bevisøydelegging ved lauslating.

50-åringen anka rettsavgjerda til Gulating lagmannsrett og kravde seg lauslaten, men denne vart onsdag forkasta. Dermed blir sikta halden i varetekt fram til 1. oktober.

Det var Stavanger Aftenblad som først omtalte rettsavgjerda.

Politiet om forklaringa for sikta: Særs vag

I rettsavgjerda viser påtalemakta vidare til at sikta har ein straffehistorikk som er relevant. Det har tidlegare komme fram at mannen fleire gonger er dømd for ulike seksualbrotsverk.

Påtalemakta seier òg at han var i området natta då Birgitte Tengs vart drepen, og omtaler forklaringa til sikta som «særs vag».

– Orda som står i rettsavgjerda er valde av ein grunn, og vi har ikkje behov for å forklare nærare kva vi meiner med at forklaringa er vag, seier Soma.

Han seier at politiet planlegg å avhøyre mannen før fengslingsperioden går ut 1. oktober. Politiet vil torsdag ta stilling til om dei vil be om forlengd isolasjon for mannen.

I førre veke sa politiinspektør Lars Ole Berge til Aftenbladet at politiet vurderer å be om ein judisiell observasjon av sikta for å vurdere om han er tilrekneleg.

Soma seier til NTB onsdag at dei per no ikkje har sett behovet for ei slik vurdering, men at dei ikkje ser bort frå at det kan bli aktuelt seinare.

– Ikkje sannsynsovervekt

Sikta nektar for å ha noko å gjere med Tengs-drapet. Mannen er òg mistenkt for drapet på Tina Jørgensen. Han stiller seg òg uforståande til denne mistanken.

Forsvararane til den sikta mannen viser på si side til at politiet vart kjende med resultata av DNA-analysen for to år sidan, og at etterforskinga har vore retta mot han sidan då.

«Selv om man vurderer analyseresultatet opp mot de andre omstendighetene i bevisbildet, er det ikke sannsynlighetsovervekt for at siktede er skyldig i det han er siktet for», argumenterer forsvararane.

Skuffa

Advokat Stian Kristensen, ein av dei to forsvararane for sikta, seier til Stavanger Aftenblad at klienten hans er skuffa, men var førebudd på utfallet.

Politiet har fått inn fleire nye tips i Birgitte Tengs- og Tina Jørgensen-saka etter at mannen vart arrestert 1. september. Nye vitne skal denne veka avhøyrast i saka, som blir etterforska av 20 politifolk.