Støre møter Lysbakken torsdag

Arbeidarpartileiar Jonas Gahr Støre og SV-leiar Audun Lysbakken skal møtast torsdag.
innenriks

Det stadfestar nestleiar i SV, Torgeir Knag Fylkesnes, overfor NRK.

Han seier målet med møtet er å finne ut om det er mogleg å danne ei fleirtalsregjering.

– Utgangspunktet vårt er at dersom vi klarer å danne eit fleirtal som kan redusere sosiale forskjellar vesentleg, og få til eit skikkeleg grønt skifte, så vil det vere interessant for oss, seier Fylkesnes.

(©NPK)