Stoltenberg: – Ser fram til å samarbeide med Støre

Nato-sjef Jens Stoltenberg har gratulert Ap-leiar Jonas Gahr Støre med valsigeren, men vil ikkje komme med råd om korleis han skal takle vegen vidare.
innenriks

– Eg er heilt trygg på at Jonas Gahr Støre kjem til å finne måtar å samarbeide med partia på Stortinget på, utan at eg gir han råd, seier Stoltenberg til NTB.

Nato-sjefen var i Noreg onsdag for å delta i bisetjinga av Ap-veteran Rune Gerhardsen.

Til pressefolk som hadde møtte fram, seier Stoltenberg at han ser fram til å samarbeide med Støre.

– Noreg er eit viktig Nato-land, slår Stoltenberg fast.

Stoltenberg leidde den første raudgrøne regjeringa frå 2005 til 2013. Støre tok over leiarvervet i Ap i 2014, då Stoltenberg vart henta inn som sjef for Nato. Men han vil ikkje uttale seg om kva etterfølgjaren hans bør gjere i dei kommande regjeringsforhandlingane.

– Eg er heilt sikker på at Jonas greier det utan mine råd. Eg har bestemt meg for at eg ikkje skal bli ein del av norsk politikk. Det blir feil om eg skal kommentere løpande vurderingar, seier Stoltenberg, som understrekar at han òg har takka Erna Solberg (H) for samarbeidet.

(©NPK)