Færre skadar etter nye elsparkesykkelreglar i Oslo

Talet på skadde ved Oslo skadelegevakt har gått ned etter kutt i talet på elsparkesyklar til utleige og nattestenging.
innenriks

– Vi ser at totaltalet går ned. Det synest vi er veldig hyggjeleg, sjølv om det skal nemnast at det er veldig tidleg å slå fast noko, seier overlege Henrik Siverts ved Oslo skadelegevakt til TV 2.

10. september tredde nye reglar for elsparkesyklar i kraft i Oslo. Det blir sett eit tak på maks 8.000 sparkesyklar i hovudstaden, og dei må stengjast for utleige på natta.

Helga før, 3.–5. september, var 29 personar innom legevakta med skadar, medan 12 personar skadde seg 10.–12. september.

Måndag 13. september vart det registrert to skadde.


(©NPK)