Støre og Bastholm skal gå tur rundt Sognsvann i Oslo

Ap-leiar Jonas Gahr Støre og MDG-leiar Une Bastholm skal møtast fredag. Det skjer på tur rundt Sognsvann i Oslo.
innenriks

Dei to skal møtast ved bommen til Sognsvann fredag klokka 10.

Støre møtte torsdag Raudt-leiar Bjørnar Moxnes.

– Det er naturleg å ha kontakt med Raudt og MDG på jamleg basis, sa Støre etter dette møtet.

Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum og SV-leiar Audun Lysbakken hadde samtalar med Støre høvesvis onsdag og torsdag heime hos Ap-leiaren på Ris i Oslo.

(©NPK)