Kongsberg-drapa: Politiet hadde fått bekymringsmeldingar om radikalisering

Politiet seier 37-åringen som er sikta for fem drap på Kongsberg, har konvertert til islam. Seinast i 2020 fekk dei bekymringsmelding om mannen.
innenriks

Politiet vil førebels ikkje slå fast at dei etterforskar hendinga som terror, men seier dette er noko dei prøver å avklare gjennom etterforskinga.

– Det er kompliserte vurderingar knytte til motiv, og det vil ta tid før dette er avklart. Men det har vore bekymring knytt til radikalisering tidlegare, og politiet har vore i kontakt med mannen tidlegare, seier politimeister Ole Bredrup Sæverud.

Han seier det ikkje er registrert meldingar på sikta i år. Den siste bekymringsmeldinga kom i 2020.

– Det har vore fleire meldingar, men kor mange og over kor lang tid har eg ikkje oversikt over. Det er nokre, men alle meldingane har vore følgde opp, understrekar Sæverud.

Sæverud seier sikta har forklart seg for politiet, men vil ikkje gå inn på kva han har forklart.

Patruljar skotne på med piler

Under pressekonferansen torsdag kom Sæverud med fleire detaljar om sjølve hendingsgangen onsdag kveld.

Klokka 18.13 fekk politiet melding om ein mann med pil og boge som skaut mot folk. Ein patrulje rykte ut og kom raskt til staden, og kort tid seinare vedtok politiet væpning og sende tre patruljar til.

Klokka 18.17 hadde det komme fleire meldingar til operasjonssentralen om hendinga og at fleire personar var treft av piler. Hendinga blir no karakterisert som pågåande livstruande vald.

Klokka 18.18 gjorde politiet ein observasjon av gjerningsmannen i nærleiken av Coop Extra-butikken i Kongsberg. Patruljane vart skotne på med piler, og mista kontakt med gjerningsmannen.

Drepne i løpet av ein halvtime

Sæverud seier politiet trur alle vart drepne etter den første kontakten til politiet med sikta. Til saman er fem drepne og to såra.

– Ut frå det vi veit no, verkar det rimeleg klart at nokre, truleg alle, er drepne etter at politiet var i kontakt med gjerningsmannen første gong klokka 18.18, seier politimeisteren.

Mannen vart arrestert klokka 18.47, noko som betyr at politiet meiner alle drapa vart gjort i tidsrommet mellom 18.18 og 18.47. I alt var 22 patruljar involverte i handteringa av valdshendinga fram til arrestasjonen. Fleire var på veg.

Politiet har enno ikkje full oversikt og seier dei ikkje blir overraska dersom det er fleire fornærma i saka.

– Nokon kan ha vorte skotne mot, til dømes, og er på den måten òg fornærma i saka, seier Sæverud.

Blir spreidd i sosiale medium

Onsdag kveld verserte fleire rykte om kven gjerningsmannen var, noko som gjorde at politiet valde å gå ut med detaljane om at sikta er ein 37 år gammal dansk statsborgar.

Det har òg sirkulert fleire videoar av episoden i sosiale medium. Politiet ber folk om å opptre ansvarleg og la vere å spreie desse.

– Ver så snill og slutt med det. Det er barn som er i sosiale medium, ein har ikkje kontroll på korleis dette blir spreidd vidare. Det er ei oppmoding til alle saman: Ver så snill og ikkje gjer det, seier Sæverud.

Han seier det er lite respektfullt overfor dei som har vorte direkte ramma i saka.

Fire kvinner og ein mann

Dei drepne er fire kvinner og ein mann. Alle var i alderen 50 til 70 år.

– Ingen av dei drepne er formelt identifisert enno, det vil ta litt tid. Men dei pårørande er varsla med det atterhaldet, seier politimeisteren.

Det er fleire åstader, og gjerningsmannen skal ifølgje politiet ha brukt fleire våpen. Politiet seier sikta blir varetektsfengsla i løpet av torsdag eller fredag. PST er òg kopla på i etterforskinga av saka.

Mannen har erkjent dei faktiske forholda.