Ordføraren: Tragedien vil prege Kongsberg lenge

Kongsberg er skaka over drapstragedien. Ordføraren seier at hendinga vil prege samfunnet i lang tid, men at alle kondolansane frå heile landet betyr mykje.
innenriks

– Det byrjar stadig å gå meir opp for oss i dag når vi merkar stemninga i byen. Eg trur alle er litt nomen, og det heile er litt uverkeleg, seier Kongsberg-ordførar Kari Anne Sand (Sp) til NTB.

Torsdag vakna lokalsamfunnet opp til politisperringar i sentrum av byen og politibilar køyrande rundt omkring i dei tronge gatene. Fleire stader er det tent lys og lagt ned blomstrar. Kyrkja har opna dørene, og flagga er fira til halv stong.

Éin av dei som torsdag tok turen til Kongsberg kyrkje for å tenne lys, var 44 år gamle Linda Helena Gustavsson (44), som har budd i Kongsberg i 20 år.

– Det skjer eit stikk i hjartet når det skjer noko slikt i den byen ein bur i. Det er ein roleg by elles, så det blir eit ekstra sjokk når det skjer noko sånt, seier Gustavsson til NTB.

– Eg har vore vaken i natt, eg klarte ikkje å få sove, så no har eg tent lys for dei omkomne og dei skadde.

Vekkjar internasjonal merksemd

Fem personar vart drepne onsdag kveld. To personar er innlagde på sjukehus med uavklarte skadar – men dei er ikkje livstruande skadde.

Ein 37 år gammal mann, som er dansk statsborgar, men som har budd heile livet sitt i Noreg, er arrestert. Han har erkjent forholda og blir skildra som samarbeidsvillig. Framleis er mykje uavklart, og politiet etterforskar saka med stor styrke.

Hendinga har vekt stor merksemd, både nasjonalt, men også internasjonalt. Ordføraren har vorte intervjua av ei rekkje internasjonale medium, blant dei BBC. Kondolansar har strøymt inn frå fleire nordiske statsministrar, i tillegg til FN-sjef António Guterres.

Også kong Harald har kondolert på vegner av kongefamilien.

– Det frå kongen var veldig flott. Eg trur ikkje det var eit tørt auge i kriseteamet då eg las opp kondolansen frå kongen. Mange nabokommunar har òg teke kontakt, og all denne medkjensla blir sett stor pris på, seier ein tydeleg rørt ordførar.

Vedum ringde

Dei nye statsrådane i den påtroppande regjeringa tek torsdag over dei respektive kontora sine i Oslo. Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og den nye justisministeren Emilie Enger Mehl (28) frå Senterpartiet skal oppdaterast om situasjonen på Kongsberg.

Torsdag har òg Sp-ordførar Sand vorte ringd opp av finansminister og Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum.

– Vi hadde ein lang og god samtale der han prata om kva han eventuelt kunne hjelpe til med. I tillegg gav han litt trøyst og støtte, noko som var godt for ein ordførar å høyre, seier Sand.

Torsdag blir det halde ei rekkje krisemøte i kommunen, og det er mange praktiske ting som skal organiserast – òg for tida som kjem.

– Vi må jo berre komme oss gjennom dette, så frå kommunen si side prøver vi å stille opp med det apparatet vi har. Dette vil jo prege lokalsamfunnet ei god stund framover, seier Sand.



(©NPK)