Over 1.300 villrein felt på Hardangervidda

Førebelse tal frå årets villreinjakt på Hardangervidda viser at jegerar til saman har felt 1.387 villrein. Det har ikkje vorte påvist skrantesjuke på nokon dyr.
innenriks

– For mange har nok årets jakt vore spesiell og prega av uvisse om framtida. Vi er glade for at jegerane likevel har bidrege til å skaffe viktig informasjon om situasjonen på Hardangervidda ved å sende inn skrantesjukeprøver av dei felte dyra, seier direktør Ellen Hambro i Miljødirektoratet i ei pressemelding.

Veterinærinstituttet har testa meir enn 1.300 villrein frå Hardangervidda for skrantesjuke frå jakta i haust, og totalt meir enn 3.300 villrein frå dei ulike villreinområda i år.

– Vi er glade for at det ikkje er funne fleire positive dyr under jakta no i haust. Det styrkjer antakinga om at vi er tidleg i sjukdomsforløpet og gir oss tru på at det er mogleg å kjempe mot denne sjukdommen, seier administrerande direktør Ingunn Midttun Godal i Mattilsynet.

Miljødirektoratet og Mattilsynet har fått i oppdrag frå departementa å vurdere om eit ekstraordinært uttak av villrein på Hardangervidda er nødvendig etter ferdig jakt. Ei fagleg vurdering skal leverast til departementa innan 12. november.

(©NPK)