Ryktespreiing førte til stengde kommentarfelt etter drapa på Kongsberg

Fleire mediehus måtte ta grep i kommentarfelta på Facebook etter drapa på Kongsberg onsdag.
innenriks

Dagbladet stengde sine kommentarfelt, NRK sletta ei sak frå Facebook, medan TV 2 sette inn ekstra ressursar til å moderere, skriv Kampanje.

Nettstaden skriv at fleire norske mediehus opplevde ryktespreiing og spreiing av feilaktig informasjon i kommentarfelta sine på Facebook. Dermed måtte mediehusa ta grep.

– Vi har avgrensa med kapasitet på nattetid, spesielt på ei natt som denne, og då fjernar vi sakene frå Facebook, seier redaktør for NRK Direkte, Espen Langfeldt Olsen, til nettstaden.

Han seier det blir eit stort omfang av kommentarar i saker som dette.

– Det er personar som legg ut feilaktige opplysningar om kven som står bak, og kva slags motiv det er, seier Langfeldt Olsen.

Den danske 37-åringen som er sikta for fem drap, har konvertert til islam. Seinast i 2020 fekk politiet bekymringsmelding om mannen.

Mannen har erkjent dei faktiske forholda.

(©NPK)