Støre presenterte regjeringslaget

Jonas Gahr Støre presenterte eit ungt regjeringslag, som består av ti kvinner og ni menn.
innenriks

– Dette er ein dag som eg og mange har sett fram til, sa Støre då han la fram lista i Stortingets vandrehall like etter klokka 10.

Støre var prega av hendingane på Kongsberg dagen før. Den nye justisministeren Emilie Enger Mehl (Sp) har vorte halden orientert om utviklinga, gjorde han greie for.

Det er eit ungt regjeringslag, med ein gjennomsnittsalder på 46 år. Mehl er regjeringas yngste, 28 år gammal. Men ho klar for oppgåva, meinte Støre.

– Ho går på ein stor jobb i ung alder, men vi er trygge på at vi har fått ein visjonær og handlekraftig politikar som tek fatt på dette feltet, sa Støre.

Men den nye justisministeren må òg ta tak i breidda på justisfeltet, sa Støre, og nemnde både beredskap, utfordringar frå internett og kunstig intelligens, domstolane og straffesakskjeda som område som skal viast merksemd.

Stødige Vedum

Utnemninga av Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum til finansminister har vore klar i mange dagar, ifølgje Støre – kanskje med eit stikk til media som har spekulert på ulike namn i denne statsrådsposten.

Det at Senterpartiet får finansministeren, beskreiv Støre som ei rett fordeling. Han var òg full av rosande ord om den nye statsråden sitt, som han har vore i tøffe forhandlingar med dei siste par vekene om regjeringsplattforma.

– Han er ein stødig politikar, ein person eg har komme nær i desse forhandlingane, sa han.

Ap-nestleiar Hadia Tajik får òg ein av dei viktigaste oppgåvene til regjeringa som arbeids-, sosial- og integreringsminister.

– Vi legg til integrering og inkludering fordi det er så nært kopla til arbeid og det å gå fleire menneske inn i jobb, sa Støre.

Også for fiskeriministeren blir porteføljen endra. Bjørn Skjæran (Ap) blir fiskeri- og havminister for å vise til dei utvida oppgåvene knytt til havbruk.

Sjølvskriven Huitfeldt

Støre seier han aldri var i tvil om at det var Anniken Huitfeldt (Ap) som skulle bli utanriksminister. Som leiar for utanriks- og tryggingskomiteen på Stortinget, pluss lang erfaring i partiet og òg som tidlegare statsråd, var ho eit sikkert kort.

– Ho kan tryggingspolitikken, veit kvar Noreg står og korleis kombinere utanrikspolitikk slik at det er treffande òg i det nasjonale, sa Støre.

Espen Barth Eide (Ap) er òg ein av Aps mest erfarne, og Støre peikar på at tilknytinga hans til internasjonale nettverk blir viktig i rolla som klima- og miljøvernminister.

– Ikkje minst må vi jobbe opp mot Europa, sa Støre.

Utøya-generasjonen

Den nye regjeringa får to statsrådar som var på Utøya 22. juli 2011: Tonje Brenna som kunnskapsminister og Jan Christian Vestre som næringsminister. I tillegg er det fleire frå Utøya-generasjonen blant dei nye statssekretærane.

Støre seier dei byggjer landet politisk og har vigd sitt liv til det.

Det er viktig å sjå ein ny generasjon ta plass i regjeringa, det gir inspirasjon til oppgåvene som ventar, sa han.

– Når desse flotte, unge politikarane har med den bakgrunnen, så opplever eg at vi har komme eit viktig steg vidare. Og det er eg veldig stolt av, sa Støre.

(©NPK)