Støres lag ved Statsministerens kontor er klart

Jonas Gahr Støres rådgivar Thomas Boe Hornburg blir statssekretær på Statsministerens kontor (SMK), ifølgje opplysningar til VG.
innenriks

Hornburg blir dermed ein av Støres aller næraste medarbeidarar, skriv avisa.

Hornburg er tidlegare kommentator i Aftenposten.

Aps Tale Jordbakke blir pressesjef, medan Anne Marie Aanerud frå Senterpartiet og Andreas Bjelland Eriksen frå Arbeidarpartiet blir statssekretærar. 

Aanerud blir Senterpartiets einaste statssekretær på SMK, ifølgje Dagens Næringsliv.

Avisa skriv òg at Wegard Harsvik (54) blir LOs mann på SMK. Han og Astrid Huitfeldt, søstera til Anniken Huitfeldt, blir statssekretærar. Det same gjeld Kjetil Vevle.

Pressesjef Jarle Roheim Håkonsen blir igjen på Stortinget. Han er i dag kommunikasjonssjef.

Frå før er det kjent at Kristine Kallset blir stabssjef på SMK.

(©NPK)