Støres nye regjering: – Spennande lag

Jonas Gahr Støre skildrar si unge og kvinnetunge regjering som eit spennande lag, klart for å ta tak i styringa av landet.
innenriks

Statsminister Støre og dei 18 statsrådane hans vart møtte med blomster og gratulasjonar på Slottsplassen torsdag ettermiddag.

I ein tale framfor Slottet påpeika den ferske statsministeren at dette er ein spesiell dag å overta ansvaret på.

– I dag går dei første tankane mine til Kongsberg og dei som er der. Dei som har mista livet, er skadde, eller lever i sjokk over det som har prega denne flotte byen, sa Støre.

– Men sjølv om bakteppet er tungt, er dette like fullt dagen for å presentere ei ny regjering. Og eg er veldig stolt av dette laget, sa han.

Demonstrantar

Hundrevis av menneske hadde møtt fram på Slottsplassen for å ta imot den nye regjeringa, også aktivistar frå ulike organisasjonar som vil overrekkje bodskapen sin til dei ferske leiarane i landet.

«Redd Ullevål sykehus»og «La olja ligge» var blant parolane som var å sjå utanfor Slottet.

Men også klemmer og blomsterbukettar var å få for Støre, for anledninga ikledd raudt slips. Finansminister og Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum gjekk på si side for eit grønt.

Stolt over kvinnedel

I alt var det 19 nye statsrådar samla på Slottsplassen, ti kvinner og ni menn. Støre seier han er stolt over å kunne presentere ei regjering der fleirtalet er kvinner.

– Dette er eit spennande lag, som kan vere med på å forandre Noreg og sette landet på ein ny kurs der livet og utfordringane til vanlege folk står øvst på dagsordenen. Der dei som føler at dei har vore i andre rekkje blir høyrde, seier Støre.

– Vi skal ta vare på det kanskje viktigaste vi har i landet vårt, nemleg tilliten og det sterke fellesskapet som bind oss saman.





(©NPK)