Tidslinje for hendinga på Kongsberg

innenriks

18.13: Politiet får varsel om hending i ein Coop-butikk på Kongsberg.

18.28: Sør-aust politidistrikt tvitrar:

«Det pågår aksjon i Kongsberg sentrum ifbm person observert med pil og bue. Har skutt etter person med dette. Publikum bes om å holde seg innendørs. Politiet har ikke kontroll på personen».

18.47: Ein mann blir arrestert og send til arresten i Drammen.

19.24: Sør-aust politidistrikt tvitrar dette:

«Det er pågrepet en gjerningsperson. Det er en alvorlig hendelse. Politiet kommer tilbake med mer informasjon».

19.54: VG melder at PST er orientert om situasjonen.

Ca 20.30: Politiet stadfestar at fleire er skadde og fleire er døde.

Dei opplyser òg på ei pressebrifing at Drammen sjukehus og Ullevål sjukehus er sett i beredskap. Kongsberg kommune har oppretta krisestab for å hjelpe dei som måtte ha behov.

20.43: Justisdepartementet tvitrar:

«Justis- og beredskapsminister Monica Mæland er informert om situasjonen på Kongsberg og følger den tett».

21.37: Politiet har vedteke mellombels væpning etter den alvorlege hendinga på Kongsberg.

22.00: Ny pressebrifing med politiet: 

Politiet vil ikkje gå ut med talet på drepne. Øyvind Aas, leier i driftseininga i Buskerud-politiet, seier samtidig at det er naturleg å vurdere om hendinga på Kongsberg er ei terrorhandling.

22.45: Statsministeren og justisministeren held pressebrifing.

Avtroppande statsminister Erna Solberg (H) seier at det er ein svært dramatisk situasjon som har funne stad i Kongsberg. – Hendingane skakar oss, seier ho. Også påtroppande statsminister Jonas Gahr Støre uttaler seg. – Ei forferdeleg og brutal handling, seier han.

23.15: Politiet held ei ny pressebrifing om saka.

Driftseiningsleiar Øyvind Aas stadfestar at fem personar vart drepne i hendinga. To personar er skadde, blant dei ein politimann som ikkje var på jobb.

(©NPK)