Raudt med komitéfordeling på Stortinget

Raudt går no ut med korleis dei har fordelt dei åtte stortingsrepresentantane sine i fagkomiteane på Stortinget.
innenriks

Frå før av er det kjent at partileiar Bjørnar Moxnes skal sitje i utanriks- og forsvarskomiteen, nestleiar Marie Sneve Martiniussen i finanskomiteen, Seher Aydar i helse- og omsorgskomiteen og kontroll- og konstitusjonskomiteen og Mimir Kristjansson i arbeids- og sosialkomiteen.

No opplyser partiet at resten av medlemmene av stortingsgruppa er fordelt på desse komitear:

* Sofie Marhaug i energi- og miljøkomiteen

* Tobias Drevland Lund i kommunal- og forvaltningskomiteen

* Geir Jørgensen i næringskomiteen

* Hege Bae Nyholt i utdannings- og forskingskomiteen

Bjørnar Moxnes er elles Raudts parlamentariske leiar, Marie Sneve Martiniussen parlamentarisk nestleiar og Sofie Marhaug er innpiskar.

Raudt kom i årets stortingsval for første gong over sperregrensa, og fekk dermed inn sju fleire representantar i tillegg til partileiar Bjørnar Moxnes i denne stortingsperioden.

(©NPK)