Kulturministeren droppar høgtideleg samisk markering

Med kongen til stades skulle kulturministeren bringe det viktigaste dokument til samane heim til Kautokeino. Men etter regjeringsskiftet er reisa droppa.
innenriks

Tysdag er det klart for ei historisk storhending for samisk kultur, når det viktigaste historiske dokument til samane, Lappekodisillen, blir overført til Samisk arkiv i Kautokeino.

Både Arkivverket og Kongehuset har tidlegare opplyst at det er kultur- og likestillingsministeren som skal overføre dokumentet, men etter regjeringsskiftet er planen endra.

I staden for å dra sjølv, sender kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap) statssekretær Gry Haugsbakken (Ap) til seremonien.

– Eg synest det er skuffande. Med all respekt for statssekretærar, så gir ikkje det same tyngd, seier leiar Ellen Inga O Hætta i Høgres samepolitiske utval til NTB.

På vegner av Same-Høgre og også det samiske folket meiner ho det er beklageleg.

– Eg har forståing for at det er vanskeleg å gå inn i avtalar som er gjort av den førre regjeringa, men når det er sagt, så prioriterer sjølv kongen dette. Eg håpar ikkje dette er trenden frå den nye regjeringa, at dei ikkje prioriterer samiske saker. Det ville vere synd, seier Hætta.

– Overraskar meg veldig

Seremonien skjer i Kautokeino tysdag klokka 17.

Kultur- og likestillingsdepartementet opplyser at statsråden skal vere til stades på trontale- og regjeringserklæringsdebatt i Stortinget onsdag klokka 10, og at det ikkje gjekk an å fly tilbake i tide.

Det er ikkje ei plikt å vere til stades under heile denne debatten, som også strekkjer seg over til torsdag.

– Dette overraskar meg veldig. For eg trudde faktisk at ein klarte å prioritere det. Eg har sjølv vore i eit regjeringsapparat og tenkjer at det er lite strategisk å ikkje vere på den samepolitiske arena, først som sist, seier Hætta.

Trettebergstuen: – Mykje som skal på plass

Kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen seier til NTB at ho veldig gjerne skulle reist til Kautokeino og vore til stades på den historiske tilbakeleveringa.

Ho seier at ho sjølv er skuffa over at ho ikkje får med seg arrangementet.

– Dessverre vart det slik at etter regjeringsskiftet må vi få på plass endringar i statsbudsjettet, med korte fristar og mykje som skal på plass. Dessutan skal vi i Stortinget der tiltredingsdebatten krev at vi som sit i regjering, er til stades. Det betyr dessverre at planane som var lagde for ei god stund sidan, må endrast, og at eg ikkje får vore til stades. Det er eg sjølvsagd skuffa over, seier ho.

Historisk dokument

Lappekodisillen, som no skal overførast til Samisk arkiv, stammar frå 1751. Dokumentet blir omtalt som blir sameint «Magna Carta» og sikrar mellom anna retten til å flytte reinsdyr over landegrensene.

Det er avtroppande sametingspresident Aili Keskitalo som skal ta imot dokumentet under seremonien i Kautokeino. Ho har ikkje fått noka forklaring på kvifor kulturministeren ikkje kjem.

– Men eg reknar med at det har med statsrådsbytet å gjere, at den førre ministeren var interessert i å bidra, men den nye ministeren har tydelegvis ikkje høve eller kan ikkje prioritere det. Men på ein sånn dag kjem vi alle i skuggen av kongen uansett, seier ho til NTB.

– Kva tenkjer du om det?

– Nei, vi hadde jo håpa å få helse på den nye kulturministeren, men eg reknar med at ho finn eit anna høve så snart som mogleg til å besøkje samiske kulturinstitusjonar, seier Keskitalo.

Ho slår fast at overleveringa av Lappekodisillen er ei viktig storhending for det samiske folket.

– Lappekodisillen er eit viktig dokument som etter fleire hundre år faktisk framleis i dag er aktuell som ein internasjonal traktat som har betydning for samiske rettar.

(©NPK)