Kunnskapsministeren: Ungdomsskulen må bli betre

Ei reform av ungdomsskulen står høgt på dagsordenen for kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap). Skaff fleire lærarar, ber Utdanningsforbundet.
innenriks

– Å starte arbeidet med ei ungdomsskulereform som skal gi elevane meir praktisk læring, er ei av dei viktigaste sakene eg no skal ta fatt på, seier kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) til NTB.

Ho hadde knapt rokke å setje seg i statsrådsstolen før Høgres nestleiar Jan Tore Sanner, vel tilbake på Stortinget, kravde reform av ungdomsskulen. Den tidlegare kunnskapsministeren frå «kunnskapspartiet Høgre» slo fast at det no var 8.-10.-klassinganes tur og frykta at den nye regjeringa ville satse for lite på grunnleggjande ferdigheiter i lesing, skriving og rekning.

– Sanner og Høgre-regjeringa har hatt åtte år på å gjere skulen betre. Eg har hatt åtte dagar. Men det er prisverdig at dei erkjenner at vi må gjere ungdomsskulen betre, påpeikar Brenna.

Lite motivert og mykje borte

I Hurdalsplattformen blir ungdomsskulereform nemnt i eit avsnitt der det blir peika på behovet for meir praktisk undervisning og førebuingar til yrkesfag.

– Det er på ungdomsskulen motivasjonen er lågast blant mange elevar. På ungdomsskulen startar mange av dei utfordringane som kjem til uttrykk på vidaregåande, påpeikar kunnskapsministeren. Ho var inntil nyleg fylkesrådsleiar i Viken.

Også Brenna meiner det er på tide med ei reform, men vil gjere det i tempoet sitt. Sanner meiner reforma kan setjast i verk i 2025.

– Det seier noko om kor lyttande den førre regjeringa var til behova i skulen. Eg er oppteken av å lytte og mindre oppteke av Sanners datoar, seier ho

Særleg overgangane mellom barnehage og skule og mellom ungdomsskulen og vidaregåande, er det viktig å sjå på, ifølgje kunnskapsministeren

– Tek tid

Brenna kan førebels ikkje svare på kva slags tidsplan ho vil jobbe etter. Men ho varslar at ho vil starte med å snakke med dei som «har skoa på».

– Det kjem til å ta tid både å utarbeide innhaldet og få sett det ut i livet, konstaterer ho.

Frå Høgre-hald får Hurdalsplattformens kapittel om skule hard medfart. Sanner er bekymra for at krava til lærarane blir svekte og at pengane går til skulefritidsordning i staden for å styrkje dei grunnleggjande ferdigheitene til elevane i lesing, skriving og matte.

– Det at undervisninga er praktisk, er ikkje i motsetning til at undervisninga støttar grunnleggjande ferdigheiter, parerer Brenna.

Utdanningsforbundet står alt klar med det viktigaste rådet sitt til den nye kunnskapsministeren.

– Det som verkeleg hastar, er å få gjort noko med den kritiske lærarmangelen. Det viktigaste politikarane kan gjere for læringa til elevane, også i ungdomsskulen, er å sørgje for at dei får opplæringa si frå lærarar med lærarutdanning, seier leiar Steffen Handal.

Han ønskjer ei satsing på ungdomstrinnet velkommen, men understrekar at det må skje i samarbeid med sektoren.

– Lettvinte løysingar blir sjeldan bra i skulen. Til dømes må målet om meir praktisk og variert læring sjåast i samanheng med både vurderings- og styringssystem. Open dialog med oss som møter elevane i kvardagen, er avgjerande, seier han.

Valfridom og fordjuping

– Elevorganisasjonen (EO) vil ha ein ungdomsskule der ein kan fordjupe seg meir i det ein er interessert i, og det er meir valfridom, seier leiar Edvard Botterlig Udnæs.

Han meiner ungdomsskulen i dag i for stor grad blir ei forlenging av barneskulen, berre med karakterar og meir ansvar.

– Men ansvaret handlar berre om prestasjonar, meiner han.

Fråværet og låg motivasjon blir løyst ved meir tillit og betre relasjonar mellom elevar og tilsette på skulen, og mellom elevane. Og gode relasjonar og elevmedverknad må ikkje berre handle om eit aktivt elevråd, understrekar EO-leiaren, det må skje i klasserommet.

Praktisk undervisning og estetiske fag er viktige verktøy, men det viktigaste er at læraren har tid og rom til å tilpasse undervisninga, understrekar Udnæs.

– I ein klasse er det 30 ulike elevar som lærer på 30 ulike måtar. Ei av utfordringane er at ein har for store klassar og for mange tidstjuvar, seier han.

(©NPK)