Forsking: Sprøytemiddel i mat kan skade kjønnsorgan hos gutefoster

Sprøytemiddel frå matproduksjon kan føre til misdanningar på kjønnsorgana til gutar i svangerskapet, viser ny forsking.
innenriks

Dette skjer sjølv når mengda sprøytemiddel ligg under fastsette grenseverdiar, ifølgje ein fersk studie på rotter.

Rottene vart utsette for ein cocktail av 15 ulike sprøytegifter og andre stoff. Det medførte fleire tilfelle av misdanningar i kjønnsorganet på mannlege rottefoster.

– Styrkjer samanhengen

Funnet er djupt urovekkjande, meiner leiar Markus Hustad i Økologisk Noreg.

– Denne studien er inga einsam svale. Dessverre krev regjeringa ingen direkte testing av effekten av å bli utsett for mange ulike sprøytemiddel over tid, såkalla cocktaileffektar. Når det blir gjort uavhengig forsking på dette, blir det nesten alltid oppdaga negative helseeffektar, seier Hustad til NTB.

Også langt mindre dosar enn dei dosane som gav misdanningar kan gi negative effektar, som kraftig redusert produksjon av testosteron, ifølgje studien.

Åtvarar gravide

Økologisk Noreg oppmodar no gravide til å ete økologisk mat under svangerskapet.

– Gravide bør velje økologisk, seier Hustad og viser til tidlegare norske undersøkingar som viser redusert risiko for misdanningar på kjønnsorgana til gutar, såkalla hypospadi, når ein et økologisk mat under svangerskapet.

– Den nye studien styrkjer denne samanhengen, seier han.

Denne veka startar Økologisk Noreg ein kampanje for å rette søkjelyset på kva sprøytegifter i mat betyr for helsa til folk.

FHI-undersøking

Ei mor og barn-undersøking som Folkehelseinstituttet (FHI) gjennomførte i 2015, viser at gravide som åt økologisk mat halverte risikoen for å få barn med hypospadi. Over 35.000 mødrer deltok i studien.

Ifølgje FHI må likevel resultata tolkast med stor varsemd, mellom anna fordi det var eit lågt tal barn med hypospadi i studien.

Hypospadi er namnet på ei misdanning der urinrøyropninga hos gutar ikkje munnar ut heilt på tuppen av penis. Tilstanden oppstår i fosterlivet og kan rettast opp med kirurgi.

(©NPK)