VG-måling: Fleirtal blant innbyggjarane for oljepolitikken til regjeringa

Regjeringa ønskjer å halde fram oljeleiting i nye område. Det ønskjer òg fleirtalet av innbyggjarane, ifølgje ei fersk VG-måling.
innenriks

54 prosent svarer i målinga at dei ønskjer at Noreg skal halde fram med å leite etter olje og gass i nye område.

Ein tredel (36 prosent) svarer at dei er usamde i dette, medan 10 prosent er usikre. Respons Analyse har spurt 1.001 personar mellom 13. og 18. oktober.

Noregs nye olje- og energiminister Marte Mjøs Persen (Ap) er godt fornøgd med at fleirtalet støttar politikken til regjeringa.

– Petroleumsindustrien er ei veldig stor og viktig næring for Noreg, der omtrent 210.000 menneske er direkte eller indirekte sysselsette, seier Persen til VG.

Det er likevel ikkje brei semje blant Ap-veljarar om oljespørsmålet. Like over halvparten ønskjer at leitinga skal halde fram, medan kvar tredje Ap-veljar vil stanse han. Persen påpeikar likevel at Aps politikk er tydeleg forankra i lokallag, fagrørsla og saman med næringane.

– Programmet vårt er laga saman med både dei, og med dei klimastreikande ungdommane. Vi må samarbeide med ulike stemmer. Men det hastar å få ein reduksjon av utsleppa våre, seier ho.

(©NPK)