Vedum trur Esa godtek viktig distriktspolitisk grep på arbeidsgivaravgifta

Finansministeren trur det vil komme på plass ei løysing med Efta som gjer at Noreg kan ha differensiert arbeidsgivaravgift òg i samanslåtte kommunar.
innenriks

Trygve Slagsvold Vedum (Sp) hadde torsdag eit møte med president Bente Angell-Hansen i Eftas overvakingsorgan Esa.

Der var ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift, altså moglegheita til å ha lågare arbeidsgivaravgift i distriktskommunar, tema.

– Eg er oppteken av å finne gode løysingar saman med Esa, slik at norske interesser blir varetekne. Det ser det no ut til at vi har klart, både for ordninga for differensiert arbeidsgivaravgift for kommande år og rapporteringsplikt for utanlandske oppdragstakarar, seier Vedum.

Viktig Sp-sak

Differensiert arbeidsgivaravgift har i ei årrekkje vore ei viktig distriktspolitisk sak for Senterpartiet.

– For regjeringa er det svært viktig å sikre lågare arbeidsgivaravgift i Distrikts-Noreg. Den bidreg til å stimulere busetjing og sysselsetjing i distrikta, seier Vedum.

Etter kommunereforma, der fleire kommunar vart samanslått, vart det sette spørsmålsteikn ved om Noreg kunne ha ulik arbeidsgivaravgift internt i ein ny kommune.

– Eg opplever at det er stor forståing for at ordninga er eitt av dei viktigaste distriktspolitiske verktøya vi har. Det ser no ut til at vi kan føre vidare ulike arbeidsgivaravgiftssatsar innanfor kommunar som er slått saman i den siste kommunereforma, seier finansministeren.

Rapporteringsplikt

– Det er viktig for Esa å ha ein god dialog med norske styresmakter for å finne løysingar innanfor EØS-avtalen som dekkjer norske behov, seier Esa-president Bente Angell-Hansen.

Finansministeren og Esa-presidenten diskuterte òg reglane for rapporteringsplikt for utanlandske oppdrags- og arbeidstakarar i Noreg.

– Kampen mot skattesvik og arbeidslivskriminalitet er høgt på dagsordenen for denne regjeringa – i den samanhengen er desse reglane viktig. Det skal vere enkelt å gjere rett, seier finansministeren.

(©NPK)