Mann dømt for sovevoldtekt av medsoldat på hotellsuite i Stavanger

Ein 23 år gammal mann er i Gulating lagmannsrett dømt til to år og ni månaders fengsel for valdtekt av ei kvinne han var i førstegongsteneste med.
innenriks

Ifølgje dommen forgreip mannen seg på kvinna medan ho sov. Dei var begge på permisjon og hadde leigd ein hotellsuite saman med nokre medsoldatar då valdtekta skjedde.

Retten var einstemmig i at dei meiner det ikkje er tvil om at tiltalte forgreip seg på kvinna. 23-åringen gav ei reservasjonslaus tilståing i det første avhøyret etter at han vart arrestert, men gjekk seinare bort frå denne forklaringa og nekta straffskuld.

Også i Sør-Rogaland tingrett vart mannen funnen skuldig, noko han anka. Retten såg likevel bort frå forklaringa til tiltalte og viste mellom anna til meldingar 23-åringen sende til fornærma dagen etter, der han mellom anna skreiv «jeg vet at det jeg gjorde var helt feil. Jeg gikk langt over en strek som aldri skal krysses og jeg angrer».

I tillegg til to år og ni månaders fengsel, blir 23-åringen dømt til å betale 100.000 kroner i oppreisningserstatning til fornærma.

(©NPK)