Brageprisen i open klasse til bok om Utøya

Mariangela Di Fiore og Cathrine Trønnes Lie får Brageprisen i open klasse for boka «Søstre. Min historie etter Utøya», ei fagbok for barn og unge.
innenriks

Vinnaren var eitt av to verk relaterte til terrorangrepet på Utøya som i år var nominert til pris. Utgangspunktet for boka er Cathrine Trønnes Lies historie frå då ho var på Utøya med søstera Elisabeth. Begge søstrene vart skotne, men berre Cathrine overlevde. Mariangela Di Fiore har følgt henne sidan 2012.

– Gjennom utvalde scener blir framheva samhald og nærleik, frykt, kaos og redsel, og ikkje minst sorga, sakna og alle dei vanskelege tankane i tida, skriv juryen i grunngivinga si.

Juryen rosar boka for å skape rom for lesarane sine eigne tankar og refleksjonar.

– Sjølv om dette er Cathrines forteljing, angår han oss alle.

(©NPK)