DNB vurderer å klage på nei til Sbanken-kjøp

Konkurransetilsynet sette foten ned for DNBs oppkjøp av Sbanken. No vurderer DNB å klage på avgjerda, og samtidig blir oppkjøpstilbodet forlengt.
innenriks

Storbanken skriv i ei børsmelding torsdag ettermiddag at dei vurderer å klage, og at det vil komme ei ny børsmelding innan rimeleg tid før klagefristen 7. desember, skriv Dagens Næringsliv.

DNB skriv samtidig òg at dei forlengjer tilbodsperioden for oppkjøpet til 22. desember, og at tilbodet kan bli ytterlegare forlengt – men ikkje seinare enn 18. mai.

I førre veke vart det klart at Konkurransetilsynet stansa oppkjøpet av Sbanken etter bekymringar om at oppkjøpet ville føre til svekt konkurranse og dårlegare vilkår for kundar som ønskjer å spare i fond.

– Vi er heilt usamde i Konkurransetilsynets tolking av konkurransetrykket i marknaden. Sjølv om vi var usamde i deira opphavlege vurdering av konkurransen i fondsmarknaden, har vi foreslått veldig solide tiltak som vi meiner ville fjerne alle bekymringane til tilsynet, sa konserndirektør Kjerstin Braathen i DNB.

(©NPK)