FHI: RS-utbrotet kan ha nådd toppen

Utbrotet av RS-viruset kan sjå ut til å ha nådd toppen, men talet på positive prøver ligg framleis på eit svært høgt nivå, ifølgje Folkehelseinstituttet (FHI).
innenriks

I den siste vekerapporten sin for influensa skriv FHI at det førre veke var ein nedgang i delen RS-virus positive prøver i alle fylke, bortsett frå Innlandet, Nordland og Troms og Finnmark.

På nasjonalt nivå har delen positive prøver lege på rundt 30 prosent dei siste to vekene.

I tillegg til RS-virus er det parainfluensavirus og rhinovirus som finst hyppigast av luftvegssjukdommane FHI overvaker kvar veke.

Talet på positive prøver for parainfluensavirus gjekk ned i alle fylke, medan delen positive prøver for rhinovirus auka svakt i seks fylke.

I vekerapporten kjem det òg fram at influensaaktiviteten i Noreg er svært låg. I dei første vekene i sesongen er det påvist totalt 60 tilfelle med influensa i Noreg, 13 siste veke. Det er ikkje teikn til vedvarande eller aukande innanlandssmitte i Noreg enno.

(©NPK)