Kjærleikshistoria til kongeparet blir film

Historia om korleis kongeparet måtte kjempe for å få kvarandre og moglegheita til å gifte seg, blir no film. Prosjektet får støtte frå Norsk filminstitutt.
innenriks

– Historia om korleis dåverande kronprins Harald fann og slåst for kjærleiken til Sonja Haraldsen er ikkje berre ein viktig del av noregshistoria, det er òg ei utruleg kjærleikshistorie som vil røre både dei som hugsar historia frå sin ungdom, og dei høyrer om han for første gong, seier Kjersti Mo, direktør i Norsk filminstitutt.

Torsdag vart det klart at Paradox får 12 millionar kroner i tilskot gjennom marknadsordninga til instituttet til filmen «Harald & Sonja». Det er Vibeke Idsøe som skal regissere filmen.

– Potensial for å fengje publikum

– Historia er ikkje tidlegare vist på film og har potensial til å fengje publikum på same måte som Margrete den første, Spencer og The Crown har gjort. Panelet som vurderer publikumspotensialet til prosjekta som søkjer tilskot frå marknadsordninga, har tydelegvis òg sterk tru på at kinopublikummet vil ha denne filmen, seier NFI-direktøren.

Forholdet mellom kronprins Harald og Sonja Haraldsen førte til den største konstitusjonelle krisa i Noreg sidan krigen, og det engasjerte alle frå vanlege folk til den øvste politiske leiinga med statsministeren i spissen.

Hets og hardkøyr

– Alle hadde ei meining om Sonja og Harald. Det politiske spelet og dramaet som gjekk føre seg i kulissane, folkehetsen mot Sonja og familien hennar, hardkøyret til media, monarken som blir stilt overfor eit umogleg val, og i sentrum for det heile to unge menneske som kjempar for kjærleiken, lyder skildringa frå Norsk filminstitutt.

Marknadsordninga er ei ordning for kinofilmar med eit stort publikumspotensial, og det er eit bransjepanel beståande av erfarne filmprodusentar og distributørar, som basert på publikumsinnsikta si, vurderer kva for ein av filmane som har størst potensial for høgt billettsal på kino. Det var totalt ni søkjarar i denne tilskotsrunden.

(©NPK)