Riksrevisjonen skal granske etterlønnordninga på Stortinget

Riksrevisor Per-Kristian Foss seier at Riksrevisjonen skal granske Stortingets etterlønnordning.
innenriks

– Vi tek ikkje standpunkt til noko, men går inn med eit ope sinn. Vi trekkjer ikkje konklusjonar før vi går inn og sjekkar både reglar og praktisering, seier Foss til Dagens Næringsliv.

Han seier at bakgrunnen for granskinga er at det er avdekt mogleg misbruk og uklare reglar.