Støre varslar nye koronatiltak tysdag

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) stadfestar overfor TV 2 at det kjem nye koronatiltak tysdag.
innenriks

Statsministeren skal gjere greie for koronasituasjonen i Stortinget. Der vil han komme med nye tiltak som kjem i tillegg til dei tiltaka som allereie er sette i verk på grunn av den nye koronavarianten omikron.

– Vi har ein klar bodskap når eg skal greie ut om dette i morgon, både på det vi gjer nasjonalt, og strategien på vaksinasjon. Vaksinasjon er det viktigaste vi kan gjere nasjonalt og i kommunane. Eg trur at også med det nye viruset, om det skulle komme til Noreg, er vaksinasjon ein hovudstrategi, seier han til TV 2.

Det har frå før vore varsla at Folkehelseinstituttet (FHI) og Helsedirektoratet har gitt regjeringa råd om regionale og nasjonale tiltak.

Helsedirektør Bjørn Guldvog seier at det kan komme tiltak på grensa og nasjonale tiltak.

Før helga vart det innført innreisetiltak, mellom anna at alle reisande frå åtte land sør i Afrika må i karantene ved innreise til Noreg.

Måndag vart isolasjonstida forlengd til sju dagar for dei som testar positivt, og som kan vere smitta med omikron. I tillegg må husstandsmedlemmer og andre nære personar i smittekarantene i ti dagar.