Ap kan ikkje love snarleg løysing på høge straumprisar

Aps Terje Lien Aasland som leier energi- og miljøkomiteen på Stortinget, seier det blir vanskeleg å finne ei snarleg løysing på dei høge straumprisane.
innenriks

Sjølv om Noreg produserer om lag 15 prosent meir straum enn dagens forbruk i Noreg, held prisane fram å stige. I Sør-Noreg vart det sett ny dagsrekord per øre kilowatt med 255 øre kilowattimen i snitt. Det er ny rekord med god margin, og straumprisane vore så høge i Noreg som dei var måndag 29. november.

– Vi tek situasjonen på alvor, vi skjønner dette er ei belastning for folk, seier leiar i energi- og miljøkomiteen Terje Lien Aasland (Ap) til Nationen.

Han innrømmer at Ap ikkje var heilt førebudd på den situasjonen den nye regjeringa skulle ta over frå den førre.

– Når Europa fasar ut så mykje av dei stabile energiforsyningane sine og erstattar han med uregulert kraft, så har norsk vasskraft måtta tole mykje større eksponering for svingingar i prisane enn det som truleg var forventa på førehand, seier han.

Han meiner prisane som no slår ut i marknaden er altfor høge.

– Det verkar som at alle ting har slått inn feil samtidig, og det er litt av grunnlaget for at vi er i denne situasjonen, seier han.

Aasland seier regjeringa treng tid til å hauste erfaring om kva for konsekvensar nye utanlandskablar har ført med seg, og at han derfor ikkje kan love noka snarleg løysing på rekordprisane.

(©NPK)