Høgre: Fleire må få tilbod om tredje dose raskt

Høgres Tone W. Trøen meiner det er leitt at vi igjen treng strengare koronatiltak. Ho meiner at fleire no må få tilbod om tredje vaksinedose raskt.
innenriks

– Vi står i ein alvorleg situasjon, og det er leitt at vi igjen er der at strengare koronatiltak er nødvendig, seier Høgres helsepolitiske talsperson i ei fråsegn til NTB.

Ho meiner det er viktig at alle no bidreg til at belastninga på helsetenesta blir redusert og følgjer tilrådingane regjeringa gir. Samtidig meiner ho at fleire må få tilbod om ein tredje vaksinedose raskt.

– Vaksinen er det aller viktigaste tiltaket vi har. Eg håpar alle takkar ja til vaksinen, og at tempoet i vaksinasjonen blir auka. Fleire må få tilbod om tredje dose raskt, seier Trøen.

(©NPK)