Regjeringa innfører fleire økonomiske tiltak

Regjeringa varslar at den nasjonale kompensasjonsordninga for næringslivet blir gjeninnført, i tillegg til fleire andre økonomiske tiltak.
innenriks

– No som vi strammar litt inn på smitteverntiltaka, er det òg eit behov for at regjeringa stiller opp økonomisk for bedriftene og dei tilsette som blir ramma, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på ein pressekonferanse tysdag.

– Med forslaga vi legg fram i dag, vil vi gi folk og bedrifter økonomisk tryggleik og gjere det lettare å halde hjula i gang i tråd med smitteverntiltaka.

Den nasjonale kompensasjonsordninga for næringslivet blir gjenopna for månadene november og desember, med nokre justeringar. Maksimal utbetaling blir lågare enn før, slik at ordninga først og fremst treffer mindre aktørar, seier finansministeren.

Forlengjer støttetiltak for kollektivtransport

Kompensasjonsordningane som gjeld for togselskap, og for kommersielle buss- og båtruter blir førte vidare ut mars. Regjeringa foreslår òg å utsetje gjeninnføringa av flypassasjeravgifta til 1. april neste år.

Regjeringa varslar òg at dei ser på justeringar av kompensasjonsordningane for kultursektoren og idrett og frivilligheit. Den kommunale kompensasjonsordninga får éin milliard ekstra som beredskap for kommunane.

– Den kommunale kompensasjonsordninga er til for at kommunane skal kunne gi støtte til dei lokale bedriftene som no blir ramma av smitteverntiltaka, men av ulike grunnar fell utanfor andre støtteordningar. Den vil derfor kunne målrettast lokalt på ein betre måte, seier finansministeren.

Doblar omsorgspengar

I tillegg foreslår regjeringa å doble talet på dagar ein kan vere heime med sjuke barn òg i 2022.

– Med ein usikker smittesituasjon og låg terskel for å halde barn heime vil behovet for å vere heime med sjuke barn bli større enn normalt òg neste år. Vi foreslår derfor for Stortinget at familiar får dobbel kvote med omsorgspengar i 2022, seier arbeids- og inkluderingsminister Hadia Tajik (Ap) om ordninga.

Også retten til omsorgspengedagar dersom skular og barnehagar skulle bli stengde, blir forlengt.