Trafikklysmodellen blir gjeninnført i skular og barnehagar

Trafikklysmodellen er tilbake i skulane. Tiltaksnivået skal vere minimum grønt, men kommunane kan heve tiltaksnivået til gult eller raudt.
innenriks

Det sa statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) på pressekonferansen tysdag der nye tiltak vart lagt fram.

Forskriftsendringa skal vedtakast i statsråd og trer i kraft natt til 9. desember, men skulane og barnehagane får tid fram til måndag 13. desember med å tilpasse seg nytt tiltaksnivå.

Kommunar som allereie har strengare tiltaksnivå enn det regjeringa innfører, vil behalde nivået dei allereie har.

Det skal innførast jamleg testing i skular med høgt smittetrykk. Førebels er det ikkje gitt avgrensingar på samankomstar for barn i barneskule og barnehage, i sin eigen klasse.

Regelen om ein meters avstand gjeld heller ikkje for barn i barnehagar og barneskular, heller ikkje vaksne som jobbar med tilbod for barn og unge.

(©NPK)