Artist sikta for å ha fått barn til å selje narkotika

Ein norsk artist er sikta for grov narkotikakriminalitet. Politiet meiner at mannen i 20-åra har tvinga eit barn til å selje narkotika for han.
innenriks

– Etterforskinga har avdekt at sikta, etter oppfatninga til politiet, har utnytta ein mindreårig til tvangsarbeid i form av narkotikasal, seier politiadvokat Lene Risten i Oslo politidistrikt til TV 2.

Mannen vart saman med ein annan mann i 20-åra og to kvinner sikta for grov narkotikakriminalitet. No har politiet utvida siktinga mot artisten til også å gjelde menneskehandel.

I eit av fengslingsvedtaka frå Oslo tingrett står det at artisten har det vanskeleg i fengsel, og at han meiner fengselsopphaldet går ut over karrieren som musikar.

Rista seier til TV 2 at saka ikkje er ferdig etterforska, og at ho ikkje kan sjå bort frå at siktinga vil bli endra.

(©NPK)